Måndag 25. September 2017


Ordførar Wenche Tislevoll kan gle seg over at om lag kvar tredje fitjarbu stemmer Høgre.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Høgre styrker stillinga i Fitjar

Høgre gjer eit knallval i Fitjar og er det klart største partiet i bygda. SP går prosentmessig mest fram. Det er klart etter at 99,8 % av stemmene i Fitjar er talde opp.

Høgre hadde eit knallgodt val ved førre stortingsval, og vart Fitjar sitt klart største parti. No går dei ytterlegare fram med 1,1 % til 31,1 %. 
SP går fram med heile 4,4 % til 12,5 %. Størst tilbakegang har KrF som går tilbake med heile 5 % til 15,2 %. Det er og verdt å merke seg at ved dette valet er Frp det nest største partiet i Fitjar med 19,3 %, ein framgang på 2,8 %.

Resultata Fitjar ser slik ut:

R:        0,7%  (+0,3)
SV:      2,3 % (+0,4)
AP: 14,3%     (-1,8)
SP: 12,5%     (+4,4)
MDG: 1,4%   (+0,1)
KRF: 15,2%  (-5,0)
V:1,4%          (-0,6)
H: 31,1 %      (+1,1)
FRP: 19,3 % (+2,8)

Andre tal
Frammøte: 81,8 %
Opptalde stemmer: 1325
Førehandsstemmer: 506
Opptalt prosent: 99,8 %
Stemmeberettige: 2239
Totalt tal på stemmer:1831

Tala er henta frå nrk.no

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabre…

23.09.2017 Kjetil Rydland

Stein Helge Simonsen og Jonny Kjærland på toppen av Fossabrekko. Foto: Kjetil Rydland. Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabrekko Den gamle kjenningen Harald Kårbø frå Stord IL gjekk heilt til topps...

Les meir ...

Hanen og hønene vann første quizrunden

22.09.2017 Kjetil Rydland

 Me går ut med løfta hovud, seier Konrad Westvik t.h., som saman med Laila Torkelsen Westvik og Kjell Håvik kom på sisteplass. Foto: Kjetil Rydland. Hanen og hønene vann første quizrunden Fredag...

Les meir ...

Haustjamdøger – hausten er komen!

22.09.2017 Kjetil Rydland

Årstidene på Jorda: Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retninga til pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia. Haustjamdøger – hausten er komen! Hausten er komen, og ei...

Les meir ...
annonse
annonse

Mat frå eigen hage

21.09.2017 Håkon C

  Anders Totland i Kultursalen i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt Mat frå eigen hage Ein kan lage mykje spennande mat frå eigen hage. Det må bli fasiten etter «Digg på menyen» i...

Les meir ...

Bakoversveis for G16 mot Brann

21.09.2017 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes viste at han heldt nivået, og var det største lyspunktet denne sure haustkvelden i Fitjar Idrettspark. Foto: Kjetil Rydland. Bakoversveis for G16 mot Brann Gutelaget til Fitjar fekk det veldig...

Les meir ...

Open dag på brannstasjonen

20.09.2017 Kjetil Rydland

Frå Open dag på brannstasjonen i Årskog i fjor. Arkivfoto: FP/KR. Open dag på brannstasjonen   Førstkomande laurdag vert det open dag på Fitjar brannstasjon i Årskog; folk frå Fitjar Kraftlag vert òg...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Temakveld med Geir Gundersen

23.09.2017 Kjetil Rydland

    Geir Gundersen kjem til Fitjar.  Temakveld med Geir Gundersen Førstkomande torsdag blir det ny temakveld i Fitjar kyrkje, denne gongen med Geir Gundersen, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.

Les meir ...