Måndag 25. September 2017



Anders Halleråker Strand med årets største pokal, den han fekk for tredjeplassen i Bø i Telemark. Foto: Kjetil Rydland.

Crosskart: Anders etablert i toppen

Anders Halleråker Strand avslutta NM-sesongen i crosskart med ein ny femteplass i Trysil denne helga, og viste med det at han har etablert seg i toppen.

 

Vår mann i crosskartsirkuset har hatt ein stabilt god sesong med fleire gode plasseringar i det siste. Han har nådd A-finalen i alle NM-rundane, bortsett frå den eine, på Flisa, då ikkje fekk køyrt meir enn eit knapt forsøksheat før karten svikta. Og i Skien rauk rauk gassvaieren i A-finalen, slik at han ikkje kom til mål, og måtte nøya seg med 9.-plassen. Med topp innsats her kunne faktisk Anders ha klort seg opp på pallplass samanlagt i årets NM i crosskart. Med sine 47 poeng – etter at løpet på Flisa er stroke – kom Anders på ein delt 6.-plass samanlagt, berre 7 poeng frå bronseplassen. 


– Eg var berre ein gassvaier frå ein pallplass, smiler Anders lurt, men han er ikkje heilt sikker på om han meiner det. 

 


Karten til Anders ber preg av å ha vore på banen i Trysil. Foto: Strand Motorsport. 

 

Heile 69 førarar stilte til start på banen i Trysil då årets NM i crosskart skulle avgjerast. 6 °C og regnvêr gjorde forholda vanskelege. Anders fortel at han aldri har køyrt på denne banen før, det er ein trong og svingete bane, der det er vanskeleg å køyra forbi. Men Anders likte banen, seier han, og synest han køyrde bra. Han fekk 6. startspor i A-finalen, og då visste han at det ville vera vanskeleg å avansera noko særleg på den tronge banen. Men femteplassen seier han seg godt fornøgd med. Den suverene NM-vinnaren Even Heggelund frå NMK Valdres var det som venta ingen ting å gjera med. Han vann og gjekk til topps samanlagt med maksimal poengsum etter fire sigrar og ein andreplass, som han kunne stryka. 

Resultatlista frå NM-løpet i Trysil blei slik:

1. Even Heggelund, NMK Valdres 
2. Ketil Johnsen, KNA Telemark
3. Kim Lorentzen, NMK Aremark
4. Pål Rye smørsteen, NMK Tønsberg
5. Anders H. Strand, NMK Vikedal
6. Martin Haslestad, NMK Tønsberg

Komplette resultatlister frå den siste NM-runden kan du lesa på heimesida til NMK Trysil Me minner om at NM-runden i Trysil med kommentarar og intervju blir send på Viasat + førstkomande onsdag ,13. september kl. 20. Og etter det blir løpet lagt ut på injection.no.

http://www.nmktrysil.com/


Etter dei fem NM-rundane – NMK Grenland 03-04.juni, KNA Solør 25. juni, NMK Bø 6. august, Nore og Uvdal 19. august og NMK Trysil 9. september – blei Anders ståande med ein tredjeplass, to femteplassar og éin niandeplass som teljande. Etter å ha stroke den dårlegaste plasseringa fekk han 47 poeng samanlagt, á poeng med nummer 5 og 7 i NM samanlagt. Det er desse sju som har skilt seg ut i årets NM i crosskart, og det er heilt klart at Anders i år har etablert seg blant dei beste og mest stabile i crosskartsirkuset. 


Og her har Anders tenkt å halda fram til neste år. Etter at han fekk ny kart før siste NM-runden i fjor, har Anders nådd A-finalen i alle løpa sine bortsett frå det eine på Flisa, då karten stoppa. A-finale i kvart løp er Anders godt fornøgd med, men han har ingen ting imot å gjera det endå litt betre til neste år. Planen er å oppgradera karten litt, kanskje med litt meir power i motoren. Men dei skal i alle høve skifta støtdemparar bak, slik at karten blir meir stabil. 



Nye støtdemparar er allereie kjøpt inn. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Konkurransesesongen er over for Anders, som allereie har blikke retta mot neste sesong. Men til helga blir det løp i Vikedal, utan at det betyr så mykje, det er ikkje stort meir enn for trening å rekna. Men det blir prestisjeduell mot faren, Ingve André Strand. Anders seier han ikkje legg så mykje i duellen, men etter det me har fått opplyst på velinformert hald at den tidlegare norgesmeisteren Ingve truleg er innstilt på å visa kven som er eldst ... 

 

 

 

Resultat frå årets NM i crosskart 650 ccm samanlagt 

1. Even Heggelund, NMK Valdres 80 poeng

2. Pål Rye Smørsteeen, NMK Tønsberg 65 poeng

3. Ketil Johnsen, KNA Telemark 54 poeng

4. Martin Haslestad, NMK Tønsberg 53 poeng

5. Kristoffer Lilleby, NMK Tønsberg 47 poeng

6. Anders H. Strand, NMK Vikedal 47 poeng

7. Kim Lorentzen, NMK Aremark 47 poeng

 

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabre…

23.09.2017 Kjetil Rydland

Stein Helge Simonsen og Jonny Kjærland på toppen av Fossabrekko. Foto: Kjetil Rydland. Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabrekko Den gamle kjenningen Harald Kårbø frå Stord IL gjekk heilt til topps...

Les meir ...

Hanen og hønene vann første quizrunden

22.09.2017 Kjetil Rydland

 Me går ut med løfta hovud, seier Konrad Westvik t.h., som saman med Laila Torkelsen Westvik og Kjell Håvik kom på sisteplass. Foto: Kjetil Rydland. Hanen og hønene vann første quizrunden Fredag...

Les meir ...

Haustjamdøger – hausten er komen!

22.09.2017 Kjetil Rydland

Årstidene på Jorda: Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retninga til pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia. Haustjamdøger – hausten er komen! Hausten er komen, og ei...

Les meir ...
annonse
annonse

Mat frå eigen hage

21.09.2017 Håkon C

  Anders Totland i Kultursalen i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt Mat frå eigen hage Ein kan lage mykje spennande mat frå eigen hage. Det må bli fasiten etter «Digg på menyen» i...

Les meir ...

Bakoversveis for G16 mot Brann

21.09.2017 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes viste at han heldt nivået, og var det største lyspunktet denne sure haustkvelden i Fitjar Idrettspark. Foto: Kjetil Rydland. Bakoversveis for G16 mot Brann Gutelaget til Fitjar fekk det veldig...

Les meir ...

Open dag på brannstasjonen

20.09.2017 Kjetil Rydland

Frå Open dag på brannstasjonen i Årskog i fjor. Arkivfoto: FP/KR. Open dag på brannstasjonen   Førstkomande laurdag vert det open dag på Fitjar brannstasjon i Årskog; folk frå Fitjar Kraftlag vert òg...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Temakveld med Geir Gundersen

23.09.2017 Kjetil Rydland

    Geir Gundersen kjem til Fitjar.  Temakveld med Geir Gundersen Førstkomande torsdag blir det ny temakveld i Fitjar kyrkje, denne gongen med Geir Gundersen, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.

Les meir ...