Måndag 25. September 2017


 
Hovudinstruktørar i karate under samlinga på Fitjar, f.v. Arild Damm, Sukhwinder Koløen, Geir Arild Larsen og José dos Santos. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar Shotokan Karateklubb 10 år

I helga markerte karateklubben vår 10-årsjubileum med bankett på Fitjar Fjordhotell og stor treningssamling i Fitjar kultur- og idrettsbygg, med fleire av dei fremste karateinstruktørane i Noreg.

 

Inkludert instruktørane var neste 100 karatutøvarar i aksjon under jubileumstreninga, som starta i Fitjar kultur-og idrettsbygg fredag kveld. Og fleire svært framståande instruktørar var med og kasta glans over tilskipinga. 


Arild Damm er ein dugande instruktør frå Åkra på Karmøy, som ofte er med vår hovudinstruktør, Sukhwinder Koløen på karatetilskipingar. Han er 5. dan, medan vår mann er 3. dan. Denne gongen hadde dei fått med seg landslagssjef i karate, José dos Santos, frå Oslo. Han er 6. dan. Sist men ikkje minst, hadde dei fått med seg den høgast rangerte karatemeisteren i Noreg, Geir Arild Larsen frå Sandnes. Han er 7. dan og var med og starta JKA Norway. 

 


Leiar i Fitjar Shotokan Karateklubb, Bjarte Maraas, leier oppvarminga under treninga fredag kveld. Foto: Kjetil Rydland. 



Geir Arild Larsen i aksjon under oppvarminga fredag kveld. Foto: Kjetil Rydland.


Sukhwinder Koløen er hovudinstruktø i Fitjar Shotokan Karateklubb. Han fortel til Fitjarposten at 90 deltakarar var i aksjon dei tre dagane samlinga varte, rundt 40 av desse høyrer til jubileumsklubben frå Fitjar. Dei andre kom frå Lavik Karateklubb i Sogn, Lyderhorn Karateklubb i Bergen, Bjørgvin Karateklubb, Nordås Karateklubb i Bergen, Karmøy Shotokan Karateklubb, Sveio Karateklubb, Stord Karateklubb og Bømlo Shotokan Karateklubb. 


Laurdag kveld var 65 av deltakarane smala til bankett på Fitjar Fjordhotell. Her vanka det presangar, blomar og gode ord, sier Sukhwinder, og stemninga var god!

 

Det blei nesten tre timar trening kvar dag, til saman neste ni timar. – Folk kjennner det godt etterpå! seier Sukhwinder, oppglødd og glad etter ei langhelg med kjekke utøvarar og instruktørar i toppklasse.

 

 

 
Hovudinstruktør Sukhwinder Koløen får velfortente blomar av leiaren i klubben, Bjarte Maraas. Foto: Privat. 

 


Ei flott samling med 90 utøvarar frå fjern og nær, saman med topp instruktørar i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Foto: Privat. 

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabre…

23.09.2017 Kjetil Rydland

Stein Helge Simonsen og Jonny Kjærland på toppen av Fossabrekko. Foto: Kjetil Rydland. Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabrekko Den gamle kjenningen Harald Kårbø frå Stord IL gjekk heilt til topps...

Les meir ...

Hanen og hønene vann første quizrunden

22.09.2017 Kjetil Rydland

 Me går ut med løfta hovud, seier Konrad Westvik t.h., som saman med Laila Torkelsen Westvik og Kjell Håvik kom på sisteplass. Foto: Kjetil Rydland. Hanen og hønene vann første quizrunden Fredag...

Les meir ...

Haustjamdøger – hausten er komen!

22.09.2017 Kjetil Rydland

Årstidene på Jorda: Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retninga til pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia. Haustjamdøger – hausten er komen! Hausten er komen, og ei...

Les meir ...
annonse
annonse

Mat frå eigen hage

21.09.2017 Håkon C

  Anders Totland i Kultursalen i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt Mat frå eigen hage Ein kan lage mykje spennande mat frå eigen hage. Det må bli fasiten etter «Digg på menyen» i...

Les meir ...

Bakoversveis for G16 mot Brann

21.09.2017 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes viste at han heldt nivået, og var det største lyspunktet denne sure haustkvelden i Fitjar Idrettspark. Foto: Kjetil Rydland. Bakoversveis for G16 mot Brann Gutelaget til Fitjar fekk det veldig...

Les meir ...

Open dag på brannstasjonen

20.09.2017 Kjetil Rydland

Frå Open dag på brannstasjonen i Årskog i fjor. Arkivfoto: FP/KR. Open dag på brannstasjonen   Førstkomande laurdag vert det open dag på Fitjar brannstasjon i Årskog; folk frå Fitjar Kraftlag vert òg...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Temakveld med Geir Gundersen

23.09.2017 Kjetil Rydland

    Geir Gundersen kjem til Fitjar.  Temakveld med Geir Gundersen Førstkomande torsdag blir det ny temakveld i Fitjar kyrkje, denne gongen med Geir Gundersen, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.

Les meir ...