Sundag 21. Januar 2018



Oliver André Matre på toppen av sigerspallen i Åsane. Foto: Privat.

Oliver endeleg på pallen igjen!

Oliver André Matre fekk endeleg vist seg frå si beste side i VW-bobla då han gjekk heilt til topps i bilcross på Eikåsbanen i Bergen denne helga. I same stemnet blei Ailin Vik nummer tre i juniorklassen.

 

Før laurdagens avslutningsrunde i vestlandsmeisterskapen hadde Ailin Vik ei ørlita von om å køyra seg heilt opp på pallen samanlagt. I dei tre innleiande rundane på Eikåsbanen motorsenter fekk ho ein første-, ein andre- og ein tredjeplass. Det heldt til andresporet i A-finalen.



Det gjekk hardt ut over bilen til Ailin Vik under løpa i Bergen. Foto: Privat.  


I starten på A-finalen hoppa bilen ut av førstegir, og ho miste terreng som ho ikkje heilt klarte å ta att. Andreas Solli og Aleksander Stokke blei for sterke, og Ailin køyrde inn til tredjeplassen. Ei flott plassering, men det var ikkje godt nok til pallplass samanlagt, der ho måtte nøya seg med femteplassen. 

 

Likevel har Ailin hatt ein flott sesong, med deltaking i Landsfinalen som høgdepunktet. Dei to gutane som slo henne i avslutningsrunden, er begge eitt år eldre enn henne. Neste år er Ailin eldst og mest rutinert i juniorklassen, og sjansane for å gjera det endå betre er store.



Ailin Vik på sigerspallen etter løpet på Eikåsbanen i Åsane. Foto: Privat. 

 

For Oliver var løpet i Bergen ein stor opptur. Det er to år sidan han har gjort det så godt. Han gjekk gjennom innleiingsrundane med tre førsteplassar, og var like suveren i A-finalen. 

 

Dei siste sesongane har Oliver vore plaga av tekniske vanskar, som har øydelagt løpa hans. Men denne gongen fungerte både mannen og folkevognbobla hans perfekt på same dagen. Då er det ingen som stoppar Oliver!

 


Eit syn som har blitt altfor sjeldant, Oliver André køyrer inn til siger! Foto: Privat.

 

Neste helg er det løp i Vikedal, og målet er sjølvsagt ein ny A-finale, seier Oliver til Fitjarposten. 


Resultat frå laurdagens løp på Eikås motorsenter finn du på denne linken til NMK Bergen

 


Oliver med tommelen opp i Bergen. Foto: Privat. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...
annonse
annonse

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...

Bankbygget mot ei ny blomstringstid

17.01.2018 Kjetil Rydland

Bygget som Sparebanken Vest flytta ut frå i 2016 ligg fint til midt i Fitjar sentrum. Foto: FP-arkiv/HCH.  Bankbygget mot ei ny blomstringstid Bankbygget i sentrum, som Sparebanken Vest flytta frå i...

Les meir ...

Kje til Fitjar for å gjera seg feite

15.01.2018 Kjetil Rydland

Kje er initiativrike dyr, som straks gjekk i gang med å gjera seg kjende i den nye heimen sin. Foto: Kjetil Rydland. Kje til Fitjar for å gjera seg feite  For nokre dagar sidan...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...