Måndag 25. September 2017



Søndag ettermiddag blei det frakta nytt skilt og stolpar over Svartavatnet til Kjeringjo, som ligg i motsett ende. Foto: Kjetil Rydland.

Fleire skilt til fjells

I dag har eldsjeler trassa det ufyselege vêret og frakta eit nytt skilt i båt over Svartavatnet til Kjeringjo.

 

Det har lenge vore klart at det burde vore betre merkt i terrenget bak Kjeringjo, for enden av Svartavatnet. Her er det mange stiar frå fjern og nær som kryssar kvarandre i eit uryddig mønster, og det er lett å gå feil. Det kjem ein sti frå Vistvikjo, opp Hovlandsdalen, ein annan sti kjem frå Stord over Grønafjellet og går vidare til Midtfjellet og Fitjar, og endå ein annan går opp over Kjelssprongjet til Kidno.

 

Dette virvaret har Odd Sverre Larsen sett seg føre å få gjort noko med. Samstundes som han fekk Stian Helland til å laga det store skiltet som er sett opp ved Olstjødno, fekk han laga eit lite skilt som skal rydda opp i skiltjungelen ved Kjeringjo. Om me skal få skilt opp til fjells, kan me tydelegvis ikkje vera vande på vêret. I føremiddag var det relativt bra, men til ære for oss opna himmelens sluser seg i ettermiddag då me var på Svartavatnet i båt.

 

Men me fekk frakta det nye skiltet og ein del del stolpar over vatnet. No ligg alt klart ved Kjeringjo, klart til å bli sett opp. Vonleg vil eldsjel Toralv Røen få med seg andre eldsjeler i løpet av nær framtid. 

 


Lars Andreas og Odd Sverre Larsen på veg over Svartavatnet med den dyrebare lasta. Foto: Kjetil Rydland.

 


Det nyttar ikkje å vera vande på vêret om du vil få gjort noko i fjellet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Ein fornøgd Lars Andreas Larsen har lagt skilt og stolpar på land ved Kjeringjo, og er klar til å gjera vendereis. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabre…

23.09.2017 Kjetil Rydland

Stein Helge Simonsen og Jonny Kjærland på toppen av Fossabrekko. Foto: Kjetil Rydland. Gamle kjenningar i nytt løp opp Fossabrekko Den gamle kjenningen Harald Kårbø frå Stord IL gjekk heilt til topps...

Les meir ...

Hanen og hønene vann første quizrunden

22.09.2017 Kjetil Rydland

 Me går ut med løfta hovud, seier Konrad Westvik t.h., som saman med Laila Torkelsen Westvik og Kjell Håvik kom på sisteplass. Foto: Kjetil Rydland. Hanen og hønene vann første quizrunden Fredag...

Les meir ...

Haustjamdøger – hausten er komen!

22.09.2017 Kjetil Rydland

Årstidene på Jorda: Lengst til høgre: Vintersolkverv, deretter (i retninga til pilene) vårjamdøger, sommarsolkverv (lengst til venstre) og haustjamdøger (nærmast oss). Illustrasjon: Wikipedia. Haustjamdøger – hausten er komen! Hausten er komen, og ei...

Les meir ...
annonse
annonse

Mat frå eigen hage

21.09.2017 Håkon C

  Anders Totland i Kultursalen i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt Mat frå eigen hage Ein kan lage mykje spennande mat frå eigen hage. Det må bli fasiten etter «Digg på menyen» i...

Les meir ...

Bakoversveis for G16 mot Brann

21.09.2017 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes viste at han heldt nivået, og var det største lyspunktet denne sure haustkvelden i Fitjar Idrettspark. Foto: Kjetil Rydland. Bakoversveis for G16 mot Brann Gutelaget til Fitjar fekk det veldig...

Les meir ...

Open dag på brannstasjonen

20.09.2017 Kjetil Rydland

Frå Open dag på brannstasjonen i Årskog i fjor. Arkivfoto: FP/KR. Open dag på brannstasjonen   Førstkomande laurdag vert det open dag på Fitjar brannstasjon i Årskog; folk frå Fitjar Kraftlag vert òg...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Temakveld med Geir Gundersen

23.09.2017 Kjetil Rydland

    Geir Gundersen kjem til Fitjar.  Temakveld med Geir Gundersen Førstkomande torsdag blir det ny temakveld i Fitjar kyrkje, denne gongen med Geir Gundersen, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.

Les meir ...