Torsdag 22. Februar 2018



Dagens aller sprekaste var igjen Torstein Tengsareid frå Egersunds IK, som vann herreklassen i "Først til mølla". Foto: Kjetil Rydland.

Midtfjelletdagen ein suksess trass i dårleg vêr

Ruskavêret la ingen merkbar dempar på stemninga under Midtfjelletdagen, og hundrevis av turmarsjdeltakarar og andre tilskodarar kunne gle seg over imponerande sportslege prestasjonar. Torstein Tengsareid imponerte aller mest, med sin tredje siger i motbakkeløpet "Først til mølla".

 

Den lettbeinte motbakkespesialisten frå Egersunds IK vann ein klar siger i herreklassen, og med 19,37 var ikkje så langt bak sin eigen løyperekord. Men han var ikkje den einaste som imponerte i regnbyene på fjellet i dag. Mest imponerte kanskje Fitjar Idrettslag sine folk, hovudsakleg frå orientering og friidrett, som gjennomførte eit prikkfritt arrangement i langt frå prikkfritt vêr 400 meter over havet.

 


Ruskavêret la ingen dempar på stemninga ved B12 i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

 

I herreklassen kom Stord-løparen Harald Kårbø på ein klar andreplass, 19 sekund  bak Tengsareid, medan fjorårsvinnar Tom Erling Kårbø på tredjeplassen, var eit stykke bak. 10 000-kronerssjekken i dameklassen gjekk til Stord-løparen Pernilla Epland. Med tida 23.34 var ho klart føre Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb, og Eli Anne Dvergsdal frå Gular på dei neste plassane. 


Pernilla Epland spurtar inn til siger i dameklassen. Foto: Kjetil Rydland. 


Torstein Tengsareid i midten, flankert av Stord-løparane Harald Kårbø og Tom Erling Kårbø. Foto: Kjetil Rydland.


Stord-løparen Pernilla Epland med 10 000 kroner, flankert av Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb, og Eli Anne Dvergsdal frå Gular. Foto: Kjetil Rydland.

 

Dei to beste lokale løparane blei ikkje uventa Bård Inge Bø i herreklassen og Nina Aarbø Olsen i dameklassen. Elles let me oss imponera storleg over fleire eldre løparar, og ikkje minst av dei fremadstormande ungommane frå Fitjar. Tori Torbjørnsen vann jenteklassen blant dei aller yngste på tida 43.49. Broren, Eirik Torbjørnsen, vann klassen M0-14 på tida 26.22. I denne klassen har Fitjar eit heilt beite sterke løparar som det skal bli kjekt å følgja vidare.  

 


Nina Aarbø Olsen og Bård Inge Bø blei ikkje uventa best av dei lokale løparane. Foto: Kjetil Rydland.  


Eirik Torbjørnsen spurtar inn til siger i klassen sin. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Totalt var det 62 deltakarar med på "Først til mølla", 55 av desse sprang på tid.

På linken til kxweb.no finn du resultat i dei ulike klassane, og resultata for 2016. 

 


Tore Nymark frå Askøy OL legg ut på Møllesprinten frå Beinatjønnsvarden. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Møllesprinten samla rundt 70 deltakarar frå Odda, Stord, Fitjar og fleire klubbar på Bergens-kanten. Den hadde òg målpassering nede ved Mølle B12, men starta på endå meir spekulært vis oppe ved Beinatjønnsvarden, høgaste toppen i området, på 501 moh.

Vinnar i den skarpaste klassen, H17, blei Tore Nymark frå Askøy OL, berre fire sekund føre Kenneth Westerheim frå Stord IL. Tora Aasheim Nymark vann den sterkaste dameklassen, ho spring for TIF Viking. Den beste Fitjar-løparen for tida, Jens Øien Kloster, vann klassen H15-16. Fitjar fekk ein klassevinnar til, det var i den yngst klassen, N-open. Her var Bror til Jens, Håkon Øien Kloster på sju år, best i eit beite på heile 17 løparar. 

 


Brørne Jens og Håkon Øien Kloster vann kvar sin klasse i Møllesprinten. Foto: Kjetil Rydland. 


Komplett resultatliste frå Møllesprinten fin du på denne linken til Eventor

 


Daniel Rolfsnes og Dennis H. Michelsen startar frå Beinatjønnsvarden. Foto: Kjetil Rydland. 

  

Medan det drog seg til føre målpassering for dei sprekaste atletane, samla det seg hundrevis av tilskodarar framfor Mølle B12 Agnar. 85 av desse deltok i turmarsjen som starta frå Fitjar Idrettspark klokka 11. Ved målpassering fekk kvar enkelt fekk utdelt medalje av Erik Mortensen, dagleg leiar i Midfjellet vindkraft. I ruskeveret i målområdet kunne unge og gamle tilskodarar gle seg over gratis pølser, kake, kaffi saft og is, alt spandert av Midtfjellet Vindkraft. Mr. Vind Miller og banksjef Arve Havnerås med lykkjehjulet var blant dei populære underhaldarane.

 


Dagleg leiar Erik Mortensen i Midtfjellet Vindkraft delte ut medalje til alle deltakarane i turmarsjen. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Totalt var det over 200 aktive i Midtfjelletdagen i år, inkludert dei 85 som gjekk turmarsjen. Me gratulerer deltakarar og arrangørar med innsatsen.  

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...
annonse

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...