Onsdag 18. Juli 2018


Eit fantastisk motiv frå dagleglivet i Kambodsja. Her sit faktisk passasjeren og søv med hovudet mot skulderen til føraren mens motorsykkelen fresar avgarde. Foto: Adrian Digernes Særsten.

Utstilling med Kambodsja-motiv

Rundt 25 fekk med seg opninga av utstillinga «På tur i» i Galleri Losjen i går kveld. Dei fekk og høyra om prosjektet «Alma M».

Utstillinga som er ein del av Fitjarfestivalen vart opna av varaordførar Agnar Aarskog.

– Det er med aller største glede eg ønskjer Adrian Digernes Særsten tilbake til Galleri Losjen, sa han og synte til at det er andre gongen Særsten har utstilling her.

 

Varaordførar Agnar Aarskog. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Særsten fortalde så litt om prosjektet og konkluderte: – Eg har leita etter det vanlege, spesifikke med Kambodsja og utstillinga gjev uttrykk for noko av det eg fann, sa han.

Adrian Digernes Særsten har elles nyleg hatt avgangsutstilling ved Oslo Fotokunstskule. Han har tidlegare mellom anna hatt utstilling på Oslo S, og som sagt iGalleri Losjen. Saman med tanta si Haldis Særsten, som driv hjelpeorganinsasjonen Alma-M, reiste han til Kambodsja og dokumenterte korleis livet var der. 

Fotokunstnar Adrian Digernes Særsten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tanta Haldis Særsten var og til stades ved utstillingsopninga og fortalde om prosjektet:

– Alma T kjem ikkje av at eg har kjenningar som heiter Alma, men av det latinske uttrykket Alma Mater som betyr «nærende mor», og i det legg eg mellom anna omsorg, sjølvutvikling og slitt sett og skulegang med meir. Så er det og å gje born i Kambodsja skulegang dette mykje handlar om. Men me stør og familiar mat midlar til husleige og mat når det er naudsynt. Akkurat no har me 60 born, 60 jenter og fire gutar, me hjelper, sa ho. 

Prosjektleiar Haldis Særsten. Foto: Håkon C. Hartvedt

Som eit ekstra kulturelt innslag framførte Marit Digernes framførte to dikt til nydeleg gitarfølgje av Bård Inge Bø.

Bård Inge Bø og Marit Digernes. Foto: Håkon C. Hartvedt

I Galleri Losjen er det og til sals varer som desse borna har laga.

Dei vidare opningstidene for utstillinga er:

12/08 Laurdag 12–16 

13/08 Søndag 12–16 

14–18/08 Mandag–Fredag 17–19 

19/08 Laurdag 13–15 

20/08  Søndag 13–15 

Fleire bilete etter kvart.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse