Torsdag 22. Februar 2018



Folk fylte teltet før konserten med Klangboltane. Foto: Kjetil Rydland.

Fullt telt og topp stemning med Klangboltane

Festivalteltet på Sjøsio var smekkfullt under konserten med Klangboltane, som ikkje skuffa det forventningsfulle publikummet. 

 

– Det var lett å sjå at folk verkeleg koste seg, og det skulle ikkje undra oss mykje om det vert gjenhøyr med denne gjengen ved eit anna høve òg, skreiv Fitjarposten etter konserten med Klangboltane på Fitjarfestivalen i fjor

Dei er karakterisert som verdas tøffaste mannskor og øver i eit grisehus på Lunde på Stord. I kveld var dei på plass igjen på Sjøsio, til stor glede for eit forventningsfullt publikum, som fylte festivalteltet til siste plass. Og Klangboltane skuffa ikkje denne gongen heller.

 


Klangboltane. Foto: Kjetil Rydland.

Dei kraftige mannstemmene gav publikum full valuta med kjende og kjære folkelege låtar. Og den dyktige konferansieren Joar Losnegård la ingen dempar på stemninga, men gjorde at låtten sat laust hos det feststemte publikummet. 

 


Den gamle fotballspelaren Joar Losnegård gjorde stor lukke som konferansier. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 
Hovmeister Sissel Jørgensen ønskjer velkomen til teltet og konsert med Klangboltqne. Foto: Kjetil Rydland.

 


Klangboltane med originalt rytmeinstrument. Foto: Kjetil Rydland.  

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...
annonse

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...