Sundag 22. Oktober 2017


Frå denne datamaskinen kan Engesund Fiskeoppdrett fjernfore merdane dei har i Masfjorden så vel som dei på Fitjar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarfirma fjernforar merdar i Masfjorden

Engesund Fiskeoppdrett AS har med sine løyve potensial tll å fjernfora rundt fem tusen tonn fisk i året  i Fitjar og Masfjorden gjennom eit dataopplegg på Meieribygget i Fitjar sentrum - men dei slit med dårlege rammevilkår. 

Engesund Fiskeoppdrett er eit av relativt få oppdrett som har grøn konsesjon, og dei kan no 3120 tonn fisk i sjøen til ei kvar tid. Så langt er det bra.
Men fisken må veksle lokalitet annakvart år, og då blir det utfordrande når myndigheitene sett så strenge vilkår for oppdrettet at dei ikkje får veksla lokalitet mellom Fitjar og Masfjorden på grunn av ny soneinndeling.

Daglig leiar i familiebedrifta, Svein Eivind Gilje, seier til ilaks.no at han no bed myndigheitene om hjelp til å få løyst dette problemet. Han peikar likevel på at bedrifta er i ein oppbyggingsfase der dei byggjer opp både biomasse og lokalitetstruktur. Men han understrekar at det er problematisk å få utnytta kapasiteten, sidan selskapet opererer i produksjonsområde 3 (Fitjar) og 4 (Masfjorden).

Vonar på hjelp frå myndigheitene
No vonar han myndigheitene vil gi dei ei lita hand at dei får høve til å utnytte den kapasiteten dei har fått løyve til utan å måtte utløyse eit behov for ytterlegare areal.

Det er tøft når ein ikkje får klarere dei konsesjonane dei har på tvers av produksjonsområda, spesielt for ein liten oppdrettar. – Men vi ser lyst på framtida. Vi må finne ei løysing på dette, seier Gilje.

Svein Eivind Gilje orienterte i går stortingsrepresentant Line Henriette Hjemdal om utfordringane Engesund Fiskeoppdrett har på grunn av at dei ikkje får veksla lokalitet mellom Fitjar og Masfjorden. Foto: Håkon C. Hartvedt

Positive tal
Svein Eivind Gilje har elles grunn til det. Fjoråret vart eit godt år for bedrifta, og omsetningstala så langt i år, og talet på besøkjande på visningssenteret, er svært oppløftande. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Temakveld om misjonærane Arne og Dorthea…

21.10.2017 Håkon C

Fred Ola Bjørnstad og Johanne Øvstebø Tvedten får du både sjå og høyra i Fitjar kyrkje på torsdag. I tillegg  vert det orgelmusikk av organist Ole Jørgen Furdal.  
Temakveld om misjonærane...

Les meir ...

Få med deg meteorsvermen i helga!

20.10.2017 Kjetil Rydland

Orionide-meteor fotografert i 2008. Foto: Brocken Inaglory / Wikipedia Få med deg meteorsvermen i helga! Komande helg er beste tidspunktet for å sjå meteorsvermen Orionidane i 2017. Meteorane fra denne svermen er...

Les meir ...

Kveldaseta gav viktig bidrag til UNICEF

19.10.2017 Kjetil Rydland

Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell ved opninga av kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland. Kveldaseta med viktig bidrag til UNICEF Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i kveld, og var såleis...

Les meir ...
annonse
annonse

Dagens fugl: Steinskvett

19.10.2017 Kjetil Rydland

På ein stein i Småliane sat denne steinskvetten i går. Foto: Kjetil Rydland. Dagens fugl: Steinskvett På tur oppover Småliane i går var det einaste turfølgjet ein 25 grams trekkfugl som heiter...

Les meir ...

Friidrettsavslutning

18.10.2017 Kjetil Rydland

Friidrettsungdommane våre med premiar etter sesongavslutninga i går.  Friidrettsavslutning I går hadde rundt 50 friidrettsutøvarar si første innandørsavslutning i haust, og den eldste halvparten markerte avslutninga på utandørssesongen. 

Les meir ...

Mange nesten-ulykker grunna manglande re…

18.10.2017 Håkon C

– Ikkje gløym å ta ta på deg refleks når du går ut i vintermørket, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: Morten Brakestad Mange nesten-ulykker grunna manglande refleksbruk Dette er ein årleg gjengangar, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Berga plassen i 5. divisjon!

21.10.2017 Kjetil Rydland

 Så kjekt er det å berga plassen i divisjonen, synest reservekeeper og hjelpetrenar Trond Henriksen. Foto: Kjetil Rydland.  Berga plassen i 5. divisjon! A-laget til Fitjar sikra seg ny kontrakt i 5...

Les meir ...