Sundag 22. Oktober 2017



Inne i kvart av desse gule plastbura er det ei dronning og 8-10 arbeidsbier, som tek vare på dronninga under overfarten. Foto: Kjetil Rydland.

Dronningbier i posten!

I går fekk Onar Westerheim 20 dronningbier i posten. Dette er skikkelege kvalitetsbier som skal vera med på eit viktig avlsprosjekt.

 

Birøktar Onar Westerheim fekk det travelt i går, for då kom dei 20 dronningane som han har venta på i ein månad. Dei kom i posten frå Norges Birøkterlag sin paringsstasjon på Austlandet. Dei skal plasserast ut i kassar saman med tusenvis av biyngel og danna nye, store produksjonseiningar i bikubane til Onar. 

 

I posten saman med eit "hoff" av arbeidsbier

Straks Onar hadde vore i posten, tok han kontakt med ein av elevane sine frå årets birøktarkull, Bjørn Haukanes. Og den ferske birøktaren frå Stord fekk vera med på eit spanande prosjekt saman med Onar. Biene kjem frå leiaren i Østfold Birøkterlag, Jens Martin Nybøle, som ofte leverer dronningbier på denne måten. Dei 20 biene kom i kvar sitt vesle plastbur med eit "hoff" på 8-10 arbeidsbier som passa på dei under overfarten. Ei dronning har nemleg bruk for at andre bier matar henne. 

 

Derfor hadde Onar på førehand sendt over til Austlandet desse små plastbura med friske arbeidarar som følgjebier til overfarten. Fordelen med å bruka bier herfrå er at dei er reine for ein type midd som mange austlandsbier har. Med seg på ferda fekk dei ein dose melisblanding, som dannar ein propp i eine enden av plastburet. Når biene har ete opp maten, kryp både dronninga og dei andre biene ut av buret. 

 

I kvart plastbur var det berre ei dronning, som me kunne skilja ut frå arbeidsbiene med eit farga skilt. Dronningavlaren har nemleg limt fast eit nummerskilt på ryggskjoldet til kvar bidronning, for kvar enkelt dronning skal testast ut.  

 


Plastburet er tetta i den eine enden med mat til overfarten. Når biene har ete opp melisblandinga, kan dronninga krypa ut or buret sitt og starta arbeidet med å danna eit nytt bisamfunn. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Avlsprosjekt i regi av Norges Birøkterlag


I gårsdagens postsending var det 15 testdronningar som skal vera med på dette avlsprosjektet, medan dei fem siste er fylkesbier som skal spreia godt genmateriale i bikubane i Sunnhordland. 


Med dronningane følgjer eit skjema som Onar må fylla nøye ut etter kvart som utviklinga skrir fram. Viktige eigenskapar han må følgja med på og registrera, er blant anna tavlefastleik (kor lett dei har for å fyka vekk), svermetrong (kor lett dei har for å danna nye bisamfunn) og aggressivitet.

 
At det er forskjell på bier med omsyn til den sistnemnde eigenskapen, fekk me eit bestemt inntrykk av på Prestbø i går. Biene held til i nærleiken av bærbuskane til Jostein Prestbø, og dei er utprega "snille" bier. Dei gjorde ikkje noko stort nummer av at me nærma oss og begynte å arbeida med dei. I torevêr er bier ekstra hissige, så desse må vera ganske rolege og kjekke bier, etter det me kan forstå.


Arbeidet på Prestbø i går gjekk fredeleg for seg. – Det er slike rolege bier me vil avla fram, seier Onar 

 


Her opnar Onar Westerheim ein bikube på Prestbø og tek ut ein yngeltavle som han set inn i kassen i lag med ei av dei nye dronningane. Foto: Kjetil Rydland.

 

Innføring av ny dronning er spanande


I kassane på Prestbø fann Onar yngel som skal bu saman med dei nye dronningane. Kvar dronning skal bu i ein kasse saman med tusenvis av yngel frå desse kassane. Onar og kollegaen hans tok ut to yngeltavler med 3-4000 yngel og plasserte i kvar kasse saman med ei ny dronning. 


Under denne prosessen er det heilt nødvendig å unngå å ta med den lokale dronninga. Det er nemleg berre rom for ei dronning, og han risikerer at dei tek livet av den dyre, langvegsfarande dronninga. 


Vanlegvis går det bra med innføring av ei ny dronning, seier Onar, men han kan rekna med å mislukkast i eitt av ti tilfelle. Han vil gi biene fred i ei veke, og då ser han om dei nye dronningane har blitt godtekne. – Det er spennande, vedgår han, eg håpar alt går vel, men eit par stykke kan vera mislukka. 


Allereie om to-tre dagar begynner dei nye dronningane å leggja egg, som er ferdige arbeidsbier om vel tre veker. 

 


Bjørn Haukanes og Onar Westerheim set to slike bivegger ned i kassen saman med den nye dronninga. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

Startar oppbygging av kuben, men lite honningproduksjon før til neste år

 
Når Onar har sett om biene i neste veke, vil han gi dei fred fram til innvintring. Det skjer ein gong i slutten av oktober. Då tek han honningen frå biene og utstyrer han kvar kasse med 15 kilo sukker, slik at biene klarer seg gjennom vinteren. Dei går inn i ein dvaleliknade tilstand, seier han, og det er ganske roleg.


Biene toler godt ein streng vinter, seier Onar. Dei trekkjer seg saman i ein ball for å halda varmen, og skiftar plass i ballen for at alle skal få næring. Dei regulerer storleiken på ballen etter temperaturen; er det mildt, opnar dei ballen litt meir opp enn i sprengkulde.

 
Ein gong i slutten av februar vaknar biene til liv igjen, og startar gjerne honningproduksjonen i mars. Dei begynner med å beita på selja.

 
Til neste år vil Onar følgja nøye med på utviklinga og registrera detaljar etter det oppsette skjemaet. Kvar ny dronning skal ha sin kube, som er ei produksjonseining for honning. Ein kube består vanlegvis av fleire kassar alt etter kor mange bier dei er. Ein sterk kube har 60 000 bier, seier Onar, medan ein svakare kube gjerne har berre 20 000. 


Til liks med Onar er me spente på utviklinga, og vil prøva å følgja opp. 

 

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Temakveld om misjonærane Arne og Dorthea…

21.10.2017 Håkon C

Fred Ola Bjørnstad og Johanne Øvstebø Tvedten får du både sjå og høyra i Fitjar kyrkje på torsdag. I tillegg  vert det orgelmusikk av organist Ole Jørgen Furdal.  
Temakveld om misjonærane...

Les meir ...

Få med deg meteorsvermen i helga!

20.10.2017 Kjetil Rydland

Orionide-meteor fotografert i 2008. Foto: Brocken Inaglory / Wikipedia Få med deg meteorsvermen i helga! Komande helg er beste tidspunktet for å sjå meteorsvermen Orionidane i 2017. Meteorane fra denne svermen er...

Les meir ...

Kveldaseta gav viktig bidrag til UNICEF

19.10.2017 Kjetil Rydland

Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell ved opninga av kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland. Kveldaseta med viktig bidrag til UNICEF Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i kveld, og var såleis...

Les meir ...
annonse
annonse

Dagens fugl: Steinskvett

19.10.2017 Kjetil Rydland

På ein stein i Småliane sat denne steinskvetten i går. Foto: Kjetil Rydland. Dagens fugl: Steinskvett På tur oppover Småliane i går var det einaste turfølgjet ein 25 grams trekkfugl som heiter...

Les meir ...

Friidrettsavslutning

18.10.2017 Kjetil Rydland

Friidrettsungdommane våre med premiar etter sesongavslutninga i går.  Friidrettsavslutning I går hadde rundt 50 friidrettsutøvarar si første innandørsavslutning i haust, og den eldste halvparten markerte avslutninga på utandørssesongen. 

Les meir ...

Mange nesten-ulykker grunna manglande re…

18.10.2017 Håkon C

– Ikkje gløym å ta ta på deg refleks når du går ut i vintermørket, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: Morten Brakestad Mange nesten-ulykker grunna manglande refleksbruk Dette er ein årleg gjengangar, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Berga plassen i 5. divisjon!

21.10.2017 Kjetil Rydland

 Så kjekt er det å berga plassen i divisjonen, synest reservekeeper og hjelpetrenar Trond Henriksen. Foto: Kjetil Rydland.  Berga plassen i 5. divisjon! A-laget til Fitjar sikra seg ny kontrakt i 5...

Les meir ...