Måndag 18. Juni 2018



Kjekt på handballfestival, synest Fitjar-jentene på 11-årslaget. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjarjenter på Handballfestivalen

Dei to laga frå Fitjar som deltok på Handballfestivalen i pinsehelga viste god innsats, vann fleire kampar og viste stor idrettsglede. Noko me fekk med oss då me tok turen til Stord for å sjå på dei siste kampane.

 

Fitjar var representert med to jentelag under Handballfestivalen på Stord, i klassane jenter 11 og jenter 13. 

Dei yngste vann to kampar, spelte uavgjort to og tapte like mange. Me fekk vera med på avslutningskampen, som dei vann klart mot Kvinnherad. Ikkje minst takka vere godt keeperspel.

Etter ei god oppleving i det varierande spelevêret var dei ikkje berre opptekne av resultata, men av det dei hadde lært under turneringa. Blant anna har dei lært at det gjeld å ikkje komma på etterskot:

– Då blir det straffekast! seier trenar Karen E. Sæbø, og det har jentene hennar smerteleg fått erfara. Elles var berre glede å spora hos dei ivrige jentene.

Laget til handballeiar Liljan Waage stilte i 13-årsklassen. På grunn av at dei hadde spelarar som ikkje heldt aldersgrensa, kunne dei ikkje kjempa om ein plass i A-sluttspelet. Dei jubla likevel stort over siger i fleire kampar, og både laget og trenaren var godt nøgde med innsatsen då me møtte under siste kampen, på Vikahaugane i går kveld. 

Me legg ved ein del bilete frå avslutningskampane i går, og ser fram til å sjå alle handballjentene igjen i idrettshallen til hausten, når den nye sesongen startar.

 


Trenar og handballeiar Liljan V. Waage med 13-årslaget etter siste kampen på Vikahaugane i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.

 


Det går mot tap i siste kampen, mot Sædalen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Lorentze Waage i kampen mot Sædalen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Oda Volden de Fine reddar straffekast. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Familien de Fine var godt representert på Handballfestivalen, her ved Eskild de Fine Olsen og onkel Oddvar de Fine. Foto: Kjetil Rydland.

 


Elisabet R. Sæbø scorar mot Kvinnherad. Foto: Kjetil Rydland.

 


Kamp om ballen mot Kvinnherad. Foto: Kjetil Rydland.

 


Oda og Ingvild frå 13-årslaget støttar 11-åringane i gårsdagens kamp mot Kvinnherad i Prestagardsskogen. Foto: Kjetil Rydland.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Leir som 4H-oppgåve

16.06.2018 Kjetil Rydland

Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland.  Leir som 4H-oppgåve Øvrebygda 4H skipar denne helga til...

Les meir ...

Ny danselærar med entusiasme!

16.06.2018 Kjetil Rydland

Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.  Ny danselærar med entusiasme! Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar...

Les meir ...

A-laget slo Stord 2!

15.06.2018 Kjetil Rydland

Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland.  A-laget slo...

Les meir ...
annonse

Ikkje kyrkjelydsprest

15.06.2018 Kjetil Rydland

Ikkje kyrkjelydsprest Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

Les meir ...

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

15.06.2018 Harald Johan Sandvik

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Les meir ...

Sommarkonserten viste breidda i kultursk…

14.06.2018 Kjetil Rydland

Kamilla Koløen syng Vamp-låten "Vuggesang" til akkompagnement av Ole André Westerheim på piano.  Sommarkonserten viste breidda i kulturskulen Vel 50 kulturskuleelevar fekk demonstrert breidda i tilbodet til Fitjar kulturskule, og publikum i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebar…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat.  Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm...

Les meir ...
annonse