Laurdag 18. November 2017

Maleriutstilling Bjørn Bjørlykke Galleri Losjen 18. november kl. 14

Illustrasjon: Salt Ship Design AS

Lokalt fiskebåtsamarbeid til meir enn 200 millionar

Spennande samarbeid mellom FItjar Mek og Saltship.

I ei pressemelding som tikka inn seint i kveld heiter det at Reiarlaget Cetus AS frå Vea på Karmøy i dag har kontrahert ein 65 m topp moderne pelagisk nordsjøtrålar frå Fitjar Mek. Veksted AS. Skipet er designa og utvikla av Salt Ship Design AS på Leirvik etter tett og godt samarbeid med reialaget, og signeringa skjedde  i dag 24. mai 2017.

Miljøvennleg, effektivt og moderne
Fiskefartøyet vert omtalt som  svært miljøvennleg, effektivt og moderne.  Det blir 65 meter langt, får ei brepdde på 14 meter, og skal utrustast som rein pelagisk tråler. Mykje av utstyret ombord er enno ikkje bestemt, men planen er å bestemme hovedutstyr under den store shippingmessa Nor-Shipping som startar i Oslo 30 mai. Der deltar både Fitjar Mek. Verksted og Salt Ship Design med eigen stand.

Til Fitjar i august
Skroget kjem til verftet på Fitjar i august 2018, og nye Cetus skal overleverast reiarlaget  i februar 2019.

Aleksander Vedø og Helge Olav Vikshåland fra Cetus AS har store forventningar til sin nye båt, og synes det er ekstra gledeleg at både designar og verft er lokale.

– Super 60-års-gåve
– Me er svært nøgde med å få tilliten, og ser fram til samarbeidet med Salt og Cetus. Fitjar Mek. er 60 år i år, og eg ser ikkje ei kjekkare gåve til våre tilsette enn eit slikt prosjekt, seier ein nøgd verftsdirektør Hugo Strand.

– Den nye designkontrakten er svært gledeleg for Salt, seier Egil Sandvik hos Salt Ship Design; nye Cetus er første fiskebåtdesign for eit norsk reiarlag, og Salt sin tredje fiskebåtkontrakt sidan oppstarten i 2012. Det er første Saltdesign som skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted, og me hos Salt ser fram til godt samarbeid om nye.

Fiskeri og aquakultur er ein viktig marknad for Salt, og selskapet har med Cetus totalt 11 fartøydesign under bygging.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Dramatisk trekning til Vintercupen

16.11.2017 Kjetil Rydland

Som vanleg var det nevøs stemning under trekninga til Vintercupen. Foto: Kjetil Rydland.  Dramatisk trekning til Vintercupen Torsdag kveld samlast dei ivrigaste fotballspelarane i bygda til trekning av puljeoppsettet i Vintercupen, som går...

Les meir ...

Ein velsigna festkveld

16.11.2017 Håkon C

  Fullt hus i Fitjar Bedehus i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt Ein velsigna festkveld Kveldens mimrekonsert over Fitjarkvartetten og Lars K. Vik sine songar i går kveld vart ein skikkeleg oppbyggjeleg...

Les meir ...

Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 f…

16.11.2017 Harald Johan Sandvik

Formannskapet samtalar om budsjettet. Etatsjefane følgjer med frå tilhøyrarplass. Foto Harald Johan Sandvik Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 for Fitjar kommune Formannskapet hadde heildagsmøte på budsjettet 31. oktober, og heldt fram med...

Les meir ...
annonse
annonse

A-lagsfotball i Fitjar i snart 50 år

16.11.2017 Kjetil Rydland

Trond Henriksen kan jubla over 642 kampar for Fitjar IL, slå den! Arkivfoto FP/KR A-lagsfotball i Fitjar i snart 50 år I år har Fitjar Idrettslag stilt A-lag i fotballserien for menn...

Les meir ...

Det tidlegare legekontoret i Rådhuset sk…

16.11.2017 Harald Johan Sandvik

Eit inngangsparti mange i Fitjar kjenner godt. Foto Harald Johan Sandvik Det tidlegare legekontoret i Rådhuset skal oppgraderast Kyrkjekontoret skal flytta dit.

Les meir ...

– På tide med ei utstilling no!

15.11.2017 Håkon C

  Bjørn Bjørlykke. Foto: Privat – På tide med ei utstilling no! Dette seier stordabuen Bjørn Bjørlykke, som voks opp på prestegarden i Fitjar.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Olaug Haugen ny rådmann i Fitjar?

17.11.2017 Håkon C

Olaug Haugen. Foto: Vidar Karlsen, Tingvoll kommune Olaug Haugen ny rådmann i Fitjar Tilsetjingsutvalet for ny rådmann i Fitjar  tilrådde i dag samrøystes Olaug Haugen som ny rådmann i Fitjar, etter Atle...

Les meir ...
Romaniahjelpen
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no