Laurdag 18. November 2017

Maleriutstilling Bjørn Bjørlykke Galleri Losjen 18. november kl. 14


Sindre Henriksen i aksjon under World Cup-stemnet i Stavanger i 2016. Foto: KJETIL RYDLAND.

Sindre Henriksen på pallen igjen

Under verdsmeisterskapet på skeiser på Hamar denne helga gjorde "vår mann" seg sterkt gjeldande igjen, med tredjeplass på 500 meter som det beste enkeltresultatet, og tiandeplass samanlagt.

 

Den unge mannen med røter i Fitjar blei med sin tredjeplass på 500 meter med 36,23 den einaste nordmannen i herreklassen som kom på sigerspallen. I tillegg kom Ida Njåtun på tredjeplass i dameklassen. Det blir ikkje delt ut medaljar for enkeltdistansar i allrund-VM, men ein tur opp på sigerspallen for å ta imot blomster blei det. Henriksen seier at han sjølvsagt sette pris på den ekstra merksemda som følgde med tredjeplassen.

VM-løpet er den beste 500-meteren han har gått, bortsett frå den personlege rekorden, som han sette i Inzell førre helg. Henriksen fortel at han var fornøgd med alle tre løpa sine på Hamar. Det er alt i alt dei beste løpa han har gått nokon gong, og ei ny stadfesting på at framgangen held fram. På 5000 meter var han for første gong under 6.30 i eit ordinært parløp på låglandsbane. 6.29,27 er berre fem sekund bak persen på 6.24,33, som Henriksen har frå høgfjellsbanen i Calgary.


Målet var naturlegvis å komma med på 10 000 meter. Men det heldt berre nesten for Henriksen denne gongen; berre åtte mann kjem med på den lengste distansen. Men 10.-plass samanlagt og nest beste nordmann, etter Sverre Lunde Pedersen, er sjølvsagt ein strålande debut i eit allround-VM for "vår mann". Han fortel elles at han ikkje var 100 prosent frisk under løpa i helga, så kanskje han kunne vore endå nærmare dei beste. 

Då me snakka med Henriksen i ettermiddag, var han på Gardermoen og venta på flyet til Stavanger. Der skal han gå verdscupfinalen i Sørmarka Arena komande helg. På grunn av ymse uhell på 1500 meter er han ikkje kvalifisert på den distansen. Men på lagtempo stiller han skarpskodd på startstreken saman med dei to lagkameratane sine; dei kjempar om samanlagtsigeren i årets verdscup. 

På litt lengre sikt er målet for 24 år gamle Henriksen å hevda seg under OL i Sør-Korea til neste år. I lagtempo har han ein heilt realistisk sjanse til å kjempa om gullmedalje. Han vonar òg å hevda seg godt på 1500 meter. Det er denne distansen han har vore best på, og han vedgår at han har ein liten draum om å slå Shani Davis sin fantastiske verdsrekord på 1.41,04. I tillegg har han lyst å hevda seg i allround, og 5000-meteren på Hamar viste at han ikkje manglar så mange sekund på å kjempa med dei beste. På dei to kortaste distansane er han allereie i toppen. 

For å nå måla sine må han bli betre trent, seier han, og trur han har mykje å gå på enno. Det er ikkje så lenge sidan han begynte å nærma seg dei aller beste; det var først i fjor han fekk framgang så det monna. Han var ikkje barnestjerne som Sverre Lunde Pedersen, og er meir enn slitar som har måtta jobba lenge for resultata. Med tanke på at han ikkje har fylt 25 år enno, bør det framleis vera råd å oppnå framgang.

Sindre Henriksen fortel at hadde allsidige interesser i ungdommen, og nemner fotball, friidrett og buekorps. Han har spesialisert seg på skeiser litt seinare enn fleire av kollegaene sine på skeiseisen. Han trur at resultata har komme av at han har funne sin eigen veg, etter å ha henta impulsar hos andre.

– Eg har funne ein modell som passar meg, seier han, og legg til at den viktigaste drivkrafta er glede. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Dramatisk trekning til Vintercupen

16.11.2017 Kjetil Rydland

Som vanleg var det nevøs stemning under trekninga til Vintercupen. Foto: Kjetil Rydland.  Dramatisk trekning til Vintercupen Torsdag kveld samlast dei ivrigaste fotballspelarane i bygda til trekning av puljeoppsettet i Vintercupen, som går...

Les meir ...

Ein velsigna festkveld

16.11.2017 Håkon C

  Fullt hus i Fitjar Bedehus i går kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt Ein velsigna festkveld Kveldens mimrekonsert over Fitjarkvartetten og Lars K. Vik sine songar i går kveld vart ein skikkeleg oppbyggjeleg...

Les meir ...

Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 f…

16.11.2017 Harald Johan Sandvik

Formannskapet samtalar om budsjettet. Etatsjefane følgjer med frå tilhøyrarplass. Foto Harald Johan Sandvik Budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021 for Fitjar kommune Formannskapet hadde heildagsmøte på budsjettet 31. oktober, og heldt fram med...

Les meir ...
annonse
annonse

A-lagsfotball i Fitjar i snart 50 år

16.11.2017 Kjetil Rydland

Trond Henriksen kan jubla over 642 kampar for Fitjar IL, slå den! Arkivfoto FP/KR A-lagsfotball i Fitjar i snart 50 år I år har Fitjar Idrettslag stilt A-lag i fotballserien for menn...

Les meir ...

Det tidlegare legekontoret i Rådhuset sk…

16.11.2017 Harald Johan Sandvik

Eit inngangsparti mange i Fitjar kjenner godt. Foto Harald Johan Sandvik Det tidlegare legekontoret i Rådhuset skal oppgraderast Kyrkjekontoret skal flytta dit.

Les meir ...

– På tide med ei utstilling no!

15.11.2017 Håkon C

  Bjørn Bjørlykke. Foto: Privat – På tide med ei utstilling no! Dette seier stordabuen Bjørn Bjørlykke, som voks opp på prestegarden i Fitjar.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Olaug Haugen ny rådmann i Fitjar?

17.11.2017 Håkon C

Olaug Haugen. Foto: Vidar Karlsen, Tingvoll kommune Olaug Haugen ny rådmann i Fitjar Tilsetjingsutvalet for ny rådmann i Fitjar  tilrådde i dag samrøystes Olaug Haugen som ny rådmann i Fitjar, etter Atle...

Les meir ...
Romaniahjelpen
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no