Torsdag 14. Desember 2017



Sindre Henriksen i aksjon under World Cup-stemnet i Stavanger i 2016. Foto: KJETIL RYDLAND.

VM-bronse nesten til Fitjar!

Under verdsmeisterskapet i lagtempo på skeiser i Sør-Korea denne helga gleid det norske laget inn til ein fin tredjeplass,  bak favorittane frå Nederland, og outsiderane frå New Zealand. Med på laget var ein ung mann med sterke røter i Fitjar. 


Det norske laget, som kom i mål knapt eit sekund bak Nederland, bestod av Simen Spieler Nilsen, Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen. Sistnemnde er mannen som bør få oss fitjarbuar til å jubla litt ekstra. 


Sterke røter i Fitjar

Sindre Henriksen er for "halvt fitjarbu" å rekna, sjølv om han er fødd og oppvaksen i Bergen. Dei siste åra har Sindre hatt det for travelt, men i oppveksten nytta han somrane til fiske og båtliv i Fitjar. Familien har hytte i Fitjarøyane. Far hans er velkjende Jarle Henriksen, som utmerkte seg som ein god fotballspelar på Fitjar sitt A-lag i 4. og 5. divisjon. Då Jarle kom til Bergen, satsa han for alvor på friidrett, og på 800 meter var han ikkje mange sekund bak dei beste i Noreg. 1,52 var ei imponerande tid den gongen. 


Idrettsfamilie

Men skeiseløpar blei Jarle aldri, sjølv om han til liks med Fitjar-ungdommar flest var fanatisk oppteken av Fred Anton Maier og dei andre norske skeisestjernene på 1960-talet. Skeiseløparen i Henriksen-familien var storebror Knut, som hevda seg ganske bra blant dei beste i Sunnhordland. Han hadde klubbrekorden på 1500 meter i Fitjar Idrettslag i mange år, med tida 2.37,4, altså nesten eit minutt bak nevøen frå Bergen. Elles var familien blant dei mest idrettsinteresserte i Fitjar, og far Harald Henriksen var ei kjend eldsjel og styremedlem i Fitjar Idrettslag.

Den nye skeisestjerna frå Bergen har såleis mykje idrett i bakgrunnen sin, endå han naturlegvis må ha hovudæra for den fine framgangen sjølv. 


Knut Henriksen eit stykke bak Arnulf Agasøster på Storavatnet vinteren 1966. Foto: KJETIL RYDLAND.

Mange års trening bak framgangen

Då me snakka med Jarle Henriksen måndag kveld, var Sindre om bord i flyet på veg frå Sør-Korea til Europa. I morgon kveld kjem han heim til Bergen med den aller første VM-medaljen sin. 

Jarle fortel at Sindre begynte å gå på skeiser då han var rundt fem år. Dei køyrde frå Bergen til kunstisbanen på Slåtthaug, der det blei arrangert World Cup og andre store stemne på 1990-talet. Dei første skeisene hans hadde tre meiar, fortel faren. I byrjinga var Sindre med i Bergen Skøyteklubb, men etter kvar kom han med i det sterke treningsmiljøet til Fana IL. 

Sindre er fødd i 1992, same året som den norske einaren, Sverre Lunde Pedersen, og har trent saman med han og Håvard Holmefjord Lorentsen, ein annan 1992-modell, sidan han var åtte-ti år. Medan Pedersen tidleg begynte å få teknikken til å stemma, var det ikkje like enkelt for vår mann. I motsetning til den mest kjende treningskameraten sin var Sindre ofte på feil halvdel av resultatlistene. 

Framgangen kom ikkje automatisk, og han var innom både roing og fotball før han bestemte seg for å satsa på skeiser for alvor. Då var han 18-19 år. Og det var ikkje før hausten 2015 han begynte å pusta dei aller beste i nakken.

No er Sindre Henriksen skeiseløpar på heiltid. Han får noko støtte frå Olympiatoppen og frå Norges Skøyteforbund. I tillegg er Fana Idrettslag flink å stilla opp for skeiseløparane sine, seier Jarle.

Sjølv støttar han sonen sin på beste måte, og det gjer han med stor glede.

– Det er kjempeartig! seier han. 

 

Endå ein Henriksen på gang?

Medan Sindre Henriksen har teke lange skritt mot toppen dei siste to sesongane, lurer endå ein Henriksen i bakgrunnen. Jarle fortel at Sindre har ein bror på tolv år, og unge Sigurd er ein like dedikert skeiseløpar. Kanskje vil målmedviten trening bringa ein ny Henriksen opp i verdstoppen?

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kjekk tradisjon for store og små

13.12.2017 Håkon C

Kjekk tradisjon for store og små Lucia: Lily Olava Thomassen, gut: Johannes Sørfonn Foto: Bakken Barnehage    Luciadagen gjekk såvisst ikkje upåakta hen i Bakken Barnehage i dag.

Les meir ...

Juletre ved Joker Rydland

13.12.2017 Kjetil Rydland

  Reidun Heradstveit blei den første juletrekunden hos 4H i år. Foto: Kjetil Rydland. Juletre ved Joker Rydland  Øvrebygda 4H held oppe tradisjonen, og sel juletre ved Filialen på Rydland.

Les meir ...

Språkkafé med variert meny

13.12.2017 Kjetil Rydland

Nazret, Asiya og Azeb kosa seg på språkkafé med Anne Marie Røed. Foto: Kjetil Rydland.  Språkkafé med variert meny I går var det språkkafé på Fitjar folkebibliotek for siste gong før jul...

Les meir ...
annonse
annonse

Friidrett på akebrett

12.12.2017 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, Halvor Aga og Marius Torbjørnsen på friidrettstrening i vegen frå vassverket og oppover i ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.  Friidrett på akebrett Med akebrett, ski og anna vinterutstyr drog friidrettsfolket til vassverket...

Les meir ...

6-ar til Geir

12.12.2017 Håkon C

Geir med «Grøntboka». Foto: Paal-André Schwital 6-ar til Geir I ein fire heilsider lang artikkel der VG i går gir karakterar til haustens kokebøker er Geir Skeie si nye bok «Grøntboka» først nemnt...

Les meir ...

Skiføre på fjellet

11.12.2017 Kjetil Rydland

Skiløypa ligg klar, men ver snar, seier Ingrid A. Devik. Foto: Kjetil Rydland. Skiføre på fjellet Det er skiføre på vegen frå Olstjødno til Svartavatet og innover mot vindmøllene.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Sigrid Fangel ny leiar i Fitjar sokneråd

13.12.2017 Håkon C

Sigrid Fangel. Den nye soknerådsleiaren er og ein svært dyktig opplesar. Her les ho i samband med ei utstillingsopning i Galleri Losjen. Arkivfoto: FP/HCH Sigrid Fangel ny leiar i Fitjar sokneråd På...

Les meir ...
Engelsk-gutekor
Boklansering: Firmaet som sette Koløyo på kartet - www.fitjarposten.no