Torsdag 22. Februar 2018



Marius Pedersen (546) på pallen etter 60 meter. Foto: Bård Inge Bø. 

Pingvinleikane gav god medaljefangst

Eit dusin fitjarungdommar deltok i helga på Pingvinleikane i Leikvang innandørshall i Åsane, og markerte seg som vanleg positivt. 

 

Pingvinleikane er det største innandørsstemnet i friidrett på Vestlandet, og held eit høgt nivå. Tolv spreke fitjarungdomar tok turen til Leikvang i helga; blant desse var Tone Sandtorv Brakedal, som no konkurrerer for Stord IL. 


Prestasjonsmessig stod truleg tiåringen Marius Pedersen for det kvassaste, då han suste inn til tida 9,72 og ein fin 2.-plass på 60 meter, i konkurranse med godt over 20 raske 10-åringar frå heile Vestlandet. Tida hans er like bak klubbrekorden til Terje Vik (noverande trenar), sett ein gong i førre tusenåret på 9,60. Bjart Sandvik Bø forbetra persen sin med eit halvt sekund i denne øvinga, til 11,02 sekund. 

Plasseringsmessig var det Anna Sandvik Bø (13) som utmerkte seg aller mest med sin siger på 60 meter hekk på tida 11,02. Ho var rett nok eit stykke bak persen både i dette løpet, på 600 meter (4.-plass med 1.56,68) og i høgde (med 1,25). På 200 meter stemte det betre igjen, med 6.-plass på ny personleg rekord på 31.14.

Natalie Tislevoll viste igjen at ho høyrer med heilt i toppen på 60 meter i den svært tøffe 14-årsklassen. 8,76 lyder den flotte nye persen på, ei tid som denne gongen heldt til 6.-plass. Den andre 14-åringen vår, Clara Wohlrab, byrjar å få sving på sakene i høgde, og reiv hårfint på pershøgda 1,35. Ho vart difor ståande med 1,30. På 200 meter blei det personleg rekord med 31,72.


Marius Torbjørnsen (14) hoppa 3,93 i lengde (9.-plass) og 1,35 i høgde (7.-plass). I tillegg sprang han 200 meter på 30,82 (pers) og 600m på 1.56.63. Han var lengst, høgast og raskast av alle Fitjar-utøvarane denne gongen også, fem hundredelar føre Anna på 600 meter.


Broren Eirik (12) fekk tidene 32,37 på 200 meter og 9.54 på 60 meter. 3,59 i lengde er berre 4 cm bak persen hans.


Marius Kongestøl Vik (11) var kastalibiet til Fitjar-kontingenten denne gongen, og støytte tokiloskula 5,89 meter avgarde. 10,33 på 60 meter er pers, ei forbetring på over 4 tidelar.


Bjart Sandvik Bø på veg inn til 2.18.07 på 600 meter. Foto: Bård Inge Bø. 


Johannes Sandvik Bø (11) sprang inn til 32,65 på 200 meter (pers med 2,5 sek), 12,10 på 60 meter hekk, 9,72 på 60 meter og hoppa 3,41 i lengde.

 

Tori Torbjørnsen (8) og Mikael Kongestøl Vik (9) var dei einaste rekruttane som tok den lange vegen til Leikvang denne gongen. Tori som hoppa 2,19 i lengde og sprang inn til tida 12,26 på 60 meter, og Mikael som presterte 12,53 og 2,39 i same øvingane, viste spenst og fart, og at dei abolutt bør ta turen fleire gonger!

 

 
Tone Sandtorv på pallen etter 60 meter. Foto: Bård Inge Bø. 

Tone Sandtorv Brakedal (18) persa til 1,55 m i høgde, tangerte 7,95-persen frå siste stemne på 60 meter og strekte seg til 5,24 i lengde. På 60 meter hekk Tone 9,06, som er meisterskapsrekord og forbetring av personleg rekord med over ein tidel. Kuleresultatet ville ho ikkje ha på trykk denne gongen. Neste helg reiser ho og trenar Bård Inge Bø på mangekamp NM i Sandnes, der dei begge skal delta.

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Kakefeiring med bismak på Joker

20.02.2018 Kjetil Rydland

Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland. Kakefeiring med bismak på Joker I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake...

Les meir ...

4H skal vera synlege!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Jens Håkon Birkeland, nyvald leiar i 4H Hordaland. Foto: privat. 4H skal vera synlege! Sist helg var det årsmøte i 4H Hordaland. Over 150 ungdommar i salen og kø på talarstolen lovar...

Les meir ...

Ta opp hundeskiten!

19.02.2018 Kjetil Rydland

Ta opp hundeskiten! Frå ein hundeeigar som tenkjer på andre har me fått ein klage på respektlause hundeeigarar i Rossneset.

Les meir ...
annonse

Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til t…

18.02.2018 Kjetil Rydland

Turid Bakke Braut vitjar Fitjar kyrkje denne veka.  Turid Bakke Braut og Sigrun Jørdre til temakveld i Fitjar kyrkje Både mor og dotter har hatt mykje av oppveksten på Stord. Mange vil...

Les meir ...

God handballdag

18.02.2018 Kjetil Rydland

 Frå gårsdagens jentekamp mot Bjarg 3. Foto: Privat.  God handballdag Det var ikkje berre dei vaksne damene som spela handball i går, Fitjar hadde fleire lag i aksjon i aldersfastsette klassar, både...

Les meir ...

Kåra den vakraste boka i verda

17.02.2018 Kjetil Rydland

Aud Gloppen, kjend bokdesignar frå Fitjar. Foto: FP-arkiv/KR.  Kåra den vakraste boka i verda Aud Gloppen frå Fitjar har vore med og kåra den vakraste boka i verda.  

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


OL-gull nesten til Fitjar!

21.02.2018 Kjetil Rydland

Sindre Henriksen ser at lagkameratane hans går inn til gull i lagtempo i dag. (Skjermdump Eurosport) OL-gull nesten til Fitjar! Under dagens i OL-lagtempo på skeiser i Pyeongchang gleid det norske laget...

Les meir ...