Sundag 22. Oktober 2017


«Best Norwegian produced beer»

 Fitjarfirmaet ELØ (En liten øl) fekk prestisjetung pris under festival i Bergen i helga.

Det var Bergen Whisky og Øl-festival at «Lys Ale Kis» vart kåra til ”best Norwegian produced beer” laurdag kveld etter ei kåring utført blant besøkjande på messa.

Bergen Whisky og Øl-festival samlar bransjefolk, og whisky- og ølinteresserte personar til eit omfattande foredragsprogram med smaksmessa fredag og laurdag som kanskje høgdepunktet for mange. Bryggeri og representantar frå forskjellige whisky-produsentar baud på smaksprøver frå meir enn 700 variantar av øl og whisky. I tillegg til fleire utanlandske bryggeri deltok kjende norske småskala-bryggeri som Haandbryggeriet, 7 Fjell Bryggeri, Nøgne Ø, Svalbard Bryggeri, Amundsen, Ægir, Voss Bryggeri, Austmann og Kinn.

«En Liten Øl» fra Fitjar, som starta verksemda i august i fjor, deltok med øltypane Gyllen Pilsner Marmor,  Mørk Lager Granitt og Lys Ale Kis.

Litt meir om produktet
Lys Ale Kis er utvikla av Øystein Huus fra Stord, bryggerimeister hos En Liten Øl. Sidan det nye bryggeriet på Fitjar først står ferdig om ein månads tid, har han brygga ølet hos Arendals Bryggeri.

Lys Ale Kis er ein tradisjonell overgjæra ale i avgiftsklasse D ( 4,7 % ) og inneheld bygg- og kveitemalt, humle og gjær.  Humlen som er brukt i brygget er Sorachi Ace, Mosaic og Simcoe, og bitterheita er 32 IBU.

– Dette er ei fantastisk utmerking å få, sier bryggerimester Øystein Huus.

– Særleg at den kjem frå eit så stort utval ølkyndige menneske gjer oss audmjuke, men vi er likevel mest glad for å kunne vise folk at vi bryggjer eit skikkeleg godt øl.

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Temakveld om misjonærane Arne og Dorthea…

21.10.2017 Håkon C

Fred Ola Bjørnstad og Johanne Øvstebø Tvedten får du både sjå og høyra i Fitjar kyrkje på torsdag. I tillegg  vert det orgelmusikk av organist Ole Jørgen Furdal.  
Temakveld om misjonærane...

Les meir ...

Få med deg meteorsvermen i helga!

20.10.2017 Kjetil Rydland

Orionide-meteor fotografert i 2008. Foto: Brocken Inaglory / Wikipedia Få med deg meteorsvermen i helga! Komande helg er beste tidspunktet for å sjå meteorsvermen Orionidane i 2017. Meteorane fra denne svermen er...

Les meir ...

Kveldaseta gav viktig bidrag til UNICEF

19.10.2017 Kjetil Rydland

Julian Helland og Felix Joelsson heldt ein flott appell ved opninga av kveldaseta. Foto: Kjetil Rydland. Kveldaseta med viktig bidrag til UNICEF Ovbygdarane slutta godt opp om kveldaseta i kveld, og var såleis...

Les meir ...
annonse
annonse

Dagens fugl: Steinskvett

19.10.2017 Kjetil Rydland

På ein stein i Småliane sat denne steinskvetten i går. Foto: Kjetil Rydland. Dagens fugl: Steinskvett På tur oppover Småliane i går var det einaste turfølgjet ein 25 grams trekkfugl som heiter...

Les meir ...

Friidrettsavslutning

18.10.2017 Kjetil Rydland

Friidrettsungdommane våre med premiar etter sesongavslutninga i går.  Friidrettsavslutning I går hadde rundt 50 friidrettsutøvarar si første innandørsavslutning i haust, og den eldste halvparten markerte avslutninga på utandørssesongen. 

Les meir ...

Mange nesten-ulykker grunna manglande re…

18.10.2017 Håkon C

– Ikkje gløym å ta ta på deg refleks når du går ut i vintermørket, oppmodar Trygg Trafikk.  Foto: Morten Brakestad Mange nesten-ulykker grunna manglande refleksbruk Dette er ein årleg gjengangar, men...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Berga plassen i 5. divisjon!

21.10.2017 Kjetil Rydland

 Så kjekt er det å berga plassen i divisjonen, synest reservekeeper og hjelpetrenar Trond Henriksen. Foto: Kjetil Rydland.  Berga plassen i 5. divisjon! A-laget til Fitjar sikra seg ny kontrakt i 5...

Les meir ...