Sundag 23. April 2017


Atheno-kurs for nyetablerar

Astrid K. Steinsland. Arkivfoto: FP/HCH

For dei som går med planar om å starte si eiga verksemd arrangerer Atheno StartOpp-kurs  i samarbeid med fleire av Sunnhordlands-kommunane.

– Me merkar at me er inne i ei tid der mange vurderer å realisere sine idear, fortel dagleg leiar ved Atheno, Astrid K. Steinsland. Ho har sett ei klar trend det siste året. Blant anna er det tydeleg at endringar i arbeidsmarknaden og lokalt næringsliv gjer at folk tenker nytt.

– Kva må ein tenke på?

– StartOpp-kurset me tilbyr saman med kommunane Tysnes, Bømlo og Fitjar er meint å vera ei kort innføring i kva det er lurt å tenka på når ein skal starte eiga verksemd. Ofte handlar det om å sortera i alle tankane og ideane ein har. Finne ut kven som er potensielle kundar, teste ut om ideen ein har er god nok, og sjå på korleis ein kan dra nytte av det nettverket ein har på ein positiv måte, fortel Steinsland.

Grip sjansen
Steinsland oppmodar alle interesserte som no går med etableringsplanar om å melda seg på StartOpp-kurset.

– Me håpar så mange som mogleg grip sjansen. Sjølv om næringslivet opplever krevjande tider, er dette også ei tid for nye muligheiter for dei som tør å satsa, påpeikar ho.

Forutan tips og råd om oppstart, vil ein på kurset også få høve til å møte ein etablerer som fortel om sine erfaringar.

Ynskjer du meir info om StartOpp-kurset eller Atheno?

Ta gjerne kontakt med Nina Østensjø Borrevik – tel 92 66 07 76, eller dagleg leiar Astrid Kjellevold Steinsland – tel 45 28 99 28 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fest og fyrverkeri stoppa av politiet

23.04.2017 Håkon C

Fest og fyrverkeri stoppa av politiet Politiet rykte i  natt ut til ein fest i Fitjar der det var skote opp fyrverkeri og spelt svært høg musikk.

Les meir ...

Uavgjort mellom Halsnøy og Fitjar i seri…

21.04.2017 Kjetil Rydland

 Som vanleg blei det tøffe tak då Sander Tverborgvik og Fitjar møtte Halsnøy borte laurdag ettermiddag. Arkivfoto FP/KR. Uavgjort mellom Halsnøy og Fitjar i serieopninga A-laget til Fitjar kjempa seg til uavgjort 3-3 mot...

Les meir ...

Full rulle for Racingteamet

21.04.2017 Kjetil Rydland

 Oliver André Matre har alltid ei boble klar til løp. Foto: Kjetil Rydland. Full rulle for Racingteamet I morgon rullar nesten alle hjula til Fitjar Racing Team når NMK Vikedal er vertskap...

Les meir ...
annonse
annonse

Inge Halstensen i Kultursalen

21.04.2017 Håkon C

Inge Halstensen. Her på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH Inge Halstensen i Kultursalen Det skjer måndag 24. april kl. 18.00 på temakveld som Fitjar Seniorsenter står for.

Les meir ...

Alt klart for Fase 3

21.04.2017 Håkon C

Illustrasjonsfoto:FP/HCH Alt klart for Fase 3 Om eigarane våre bestemmer seg for det, er alle planane for å gå i gang med Fase 3 på Midtfjellet klare. Det sa Johannes Koløen på...

Les meir ...

Samla flasker

21.04.2017 Håkon C

Benjamin Tveit Lillenes med handlekorger fulle av flasker før panting. Korpset takkar både SPAR og REMA for super service i denne samanhengen. Foto: Håkon C. Hartvedt Samla flasker Fitjar Skulekorps hadde flaskeinnsamling...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Strandabasaren trekte fullt hus igjen

23.04.2017 Kjetil Rydland

Kjekt på basar, f.v. Annika L. Helgaland, Rut Hanna L. Helgaland, Asbjørn Jordan Raunholm, Synne Helgaland og Elena L. Helgaland. Foto: Håkon C. Hartvedt. Strandabasaren trekte fullt hus igjen Tradisjonen tru fylte Strandabasaren i...

Les meir ...
Temakveld med Inge Halstensen - 24. april kl. 18.00 Kultursalen
Temakveld i Fitjar kyrkje torsdag 27. april kl. 19.30